Viser innlegg med etiketten Ting og tang. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ting og tang. Vis alle innlegg

onsdag 25. august 2010

Salmebok i lommeformat

Ei salmebok var før som regel en privat eigendel, i lommeformat, som kirkegjengerane tok med seg til kyrkja.
I dag få vi låne ei av kyrkja når vi kjem dit....

***

I morga går ferda mot Rena og Birken.
5 grader på Sjusjøen fredag fortel meg at det er best å legge ei ulltrøye i sekken.
Trur likavel det skal bli en fin tur over fjellet til Lillehammer.
Klem frå Eva

søndag 15. august 2010

Husvask....

Når en jobba mykje og lever i den trua at en er uunnværlig og trur en ikkje kan gå heim kl 15.30 og prioritere hus, heim, hobby og familie, ja då seie det seg sjøl at en må ty til helga for å få bukt med støv og skit.
Inspirert av
Karma gjekk eg til innkjøp av dei gylne lavendeldråpane til Durance.
Ho hadde rett... Husvasken blir ikkje det samme heretter.

Minne frå en sykkeltur i Provence der vi sykla gjennom lavendelåkra dukka opp...

No går vegen til kaffi og meir bærplukking hos svigermor.
Til så lenge..
Eva Maria
Posted by Picasa

fredag 6. august 2010

Veggpryd

Et av mine aller kjæraste eie.
Fine skatter som har stått gøymt i et skap. Synes dei fortjener å få komme meir fram i lyset.
En av dei ber merke av nøysemd, noke som gjer den endå vakrare.


Til så lenge...
Eva Maria
Posted by Picasa

tirsdag 13. juli 2010

Gløymde juveler

13.juli 2010
Endelig er vi på plass i Fjøra for 4 herlige ferieveker.
Har arva et søtt smykkeskrin etter bestemor med diverse små skatter i.
Har lenge lurt på kor dei kan komme til sin rett i staden for å ligge glømde i et skrin.



I ei sigareske dukka det også opp en del nydelige postkort sendt til min oldefar Joakim som bygde Fjøra i 1911.


Løysinga vart å samle smykker og kort i ei kortramme.


At smykka er delvis defekte og klokkene har stoppa for lenge sida gir dei berre meir sjel.



Huska godt bestemor i brosja med den gule steinen.

Kjekke minner å samle på...

2 kroner frå dansketida


Meir i morga..
Ciao
Eva